2109 Views

Chakrapadling, -frå eit gyldent egg til asylmottak!

Det var på veg oppover norskekysten eg oppdaga chakrapadling. Det skjedde ved eit tilfelle. Det hadde vert ein lang dags padling. Vi var komne til det punktet der alt føltes svart.

September 27, 2022
Skrevet av:

Hildegunn Dale

Vi måtte vidare, finne eit skur, eit naust. Eit forlate industribygg. Primus. Meksikansk gryte, og bønner. Herlighet.

-Du såg på kartet, så om to timar kjem vi til ein campingplass, der kan vi leige ei hytte, ta ein dusj og få tørka kleda. Skal vi? Padle over fjorden, mot fjellet der framme? Rundt det og litt inn ein lang tarm?

Det regna. Vi hadde ikkje teke ein dusj på mange dagar. Svette og regn, støle musklar. Inga strand i sikte.

Det var eit eller anna som vakna i meg ved tanken på å sleppe å sove ute i natt.

Denne campingplassen hadde kanskje middag, vin og dusj. Men kvar skulle eg hente energi i frå, for å få tilbake rytmen i åretaka?

Eg byrja puste med kvart åretak, førestilte meg at eg drog pusten frå halebein, mage, bryst, og via hals, opp i hovudet. Hugsa chakrakurset eg hadde vore på nyleg, klassisk yoga.

På toppen av hovudet:
Ein raud lotusblomst, breidde seg over heile skallen. Og midt i hovudet, bak augnebrynsenteret var det ein lilla farge, og eit tilhøyrande symbol. Symbolet for pinealchakraet:

Eit lite gyllent egg.

Eg drog den svarte åra gjennom vatnet, pusta ut. I halsen ein nektardråpe, kjensle av kulde. Bak hjarta, i ryggrada ein farge, mørkeblå. Bak navlen, i ryggrada, oransje.

Pusten strøyma opp og ned langs ryggrada. Gjennom energipunkta som byrja lyse, eg forestilte meg fargane. Pusta ut og inn, opp og ned gjennom overkroppen, så passande i lange drag med åra. Og kajakken skaut fart.

Chakraene; farger og lokaliteter. Illustrasjon: Pixabay

Vi var begynt å kapppadle, fordi eg padla med magen. Eg la meg i selen. Eg padla med brystet, vi nådde fjellet, eg padla med halsen. Og for kvar stad i kroppen eg padla med, endra padleteknikken seg. Energien strøyma ut i kroppen, via åra ned i vatnet, og kajakken fossa fram.
Du skjønna ikkje kva som hadde skjedd, då vi kom inn til campingplassen samtidig. Heilt svette.
Det viste seg, at campingplassen som skulle hatt seng, mat og vin, var omgjort til asylmotak..

________________________________________________________________

Er tungen en balansestav når du padler?
Les om Hildegunns aller første padletur HER!

________________________________________________________________

Hildegunn Dale er Bergenspoet. Blant de sju poesibøkene hennes finner du tema vi padlere kan kjenne oss igjen i, som i den nyeste «Rapporter fra havet». Hildegunn har padlet i 20 år med blant annet Bergen-Tromsø på merittlisten. Redaksjonen i Padling huket tak i henne og spurte om hun ville gi oss et skråblikk på padlingen. Sette ord på den mentale dybden vi alle kjenner på under padleturen, men som er så vanskelig å beskrive. Padlepoeten vil i denne faste spalten komme med helt nye tekster, skrevet kun til oss i Padling. De skrives underveis i året, og vil derfor påvirkes av det som skjer rundt oss og inni oss, så verken vi eller #padlepoeten ante hvor disse mentale padleturene ville gå! Nå vet vi det!

Hildegunn Dale er poet, ein padlande poet, som gjennom året 2022 har sett på padleverdenen med eit anna blikk enn det vi vanlegvis har! Foto: Dale/privat.

Hildegunn padler med tørrdrakt i den kalde sesongen
Skal du kjøpe din første tørrdrakt, eller trenger du en ny?
Sjekk omtalen av 10 tørrdrakter, slik kjente norske padlefjes beskriver de!

Følg oss på sosiale medier

ABONNER PÅ NYHETSBREVET

For å se hvordan vi bruker din informasjon, ta en titt på vår Privacy policy