2464 Views

Padlarens ”Noreg i eit nøtteskal”

Mellom dei lange naboane sine – Nordfjord i nord og Sognefjorden i sør ligg den kortare, meir ukjende, men vel så vakre Dalsfjorden/Vilnesfjorden i Sunnfjord. Inst inne er han ikkje stort breiare enn ei velvaksen elv, 200 meter på det smalaste. Ytst munnar han ut i eit av dei mest storslåtte øyrika i landet.

Juli 06, 2011
Skrevet av:

Gjesteforfatter

Namn som Bulandet, Værlandet, Alden, Tvibyrgje, Aralden, Korssund-Lammetu-Lutelandet, Gåsvær, Ospa, Sula  er – eller i det minste burde vere – velkjende for  padleentusiastar. I motsetnad til det forholdsvis monotone landskapet langs dei store fjordane, rett nok med lokale perler som Hornelen og naturen rundt i nord, og Nærøyfjorden i sør, er Dalsfjorden/Vilnesfjorden og kystlandskapet utanfor ein samanhengande, ofte barsk idyll, med sterkt varierande landskapsformer. Få stader langs vår lange kyst er det så kort veg frå innlands fjell-og fjordnatur til dei ytste skjer i vest  –  om lag 60 kilometer – ein tur ein lett gjer unna på tre dagar i makeleg padletempo. I tillegg får ein med seg slåande vakkert kulturlandskap i dei midtre deler av området.

 

Ingen likesinna

Nokre hektiske dagar sommar og haust arrangerer Njord og Askvoll padleklubb kurs for kajakkfolket i Bulandet. Då yrer det av liv i ytre Sunnfjord . Fire dagar i august i fjor gjennomførte Otto Inge Molvær og underteikna turen Bygstad – Bulandet, utan å møte ein einaste likesinna. For dei som likar å ha naturen for seg sjølve, må det seiast å vere eit gode. Folk flest, mellom dei mange padlarar, veit ikkje kva dei går glipp av!

 

 

Utsikt frå Olavskrossen sørover mot Krakhellasundet og Sognefjorden.

 

Reisa til utgangspunktet skal ikkje omtalast anna enn at me parkerte ein av våre to bilar på ferjekaien på Fure på sørsida av Dalsfjorden. Derifrå er det fast ferjesamband med Værlandet. Frå Fure til Bygstad er det halvannan times køyring. Me var framme i 1930-tida. Veret var det aller beste, sola i låg bane over toppen av Helleberget, sjøen spegelblank, den lange rekkja av sermerkte fjelltoppar – som diskosar planta på høgkant i massivet, med stupbratte sider mot fjorden i sør og slakkare skråning mot nord –  frå aust mot vest: Kvamshesten (1209 m), Sundsfjellet, Laukelandshesten, Kringla, Helleberget, raudnande horisont, etter kvart djup landskugge. Dei to første mila, frå Bygstad til Dale, ein vaken draum for oss eldhuga padlarar og amatørfotografar. Sjøen så blank at det stundom er vanskeleg å vite kva som er spegelbilde og originallandskap.

 

Skal mot til

Me småpadlar langs land, med kamera skotklare. Laukelandsfossen openberrar seg i alt sitt velde i mørkninga. Hadde det vore om dagen, skulle me ha nytta høvet, slik mange Dalebuarar gjer, til eit sers forfriskande bad i ”bassenget”/gryta under fossen. Når  Laukelandsfossen fell flaumstor mot fjorden, er det storms styrke i vassgovet som møter dei badande, og det skal eit visst mot til for å leggje på svøm i den sterke straumen.

 

 

Teltplassen midt i oterreviret.

 

Resten av kveldsturen, over fjorden, rundt Nishammaren, og inn til badevika og teltplassen ved gamle Hovland&Rakneberg tønnefabrikk går i eit litt raskare tempo. For dei som vil ta turen etter oss og overnatte i telt, kan det nemnast at det er reist eit sørvisbygg, med toalett og vaskemuligheiter i badevika. Der er fin sandstrand og lett å hale kajakken på land.

 

Dag 2, Dale – Korssund, 34 km , same fine veret. Utpå føremiddagen frisknar det til bris frå vest, me får stampesjø og det blir ein smule tyngre å ta seg fram. Landskapet endrar seg. Fjorden vidar seg ut. På sørsida flatnar terrenget, på nordsida held det seg høgt til Eikenes.

 

 

Framme i Kleivavågen, Værlandet, før butikk og kafe har opna for dagen – tålmodig venting.

 

Her kan det vere på sin plass å seie litt om ei sannsynleg forklaring på kommunenamnet Fjaler:  Det lange fjellet Helleberget (Heileberget?), om lag fire kilometer frå aust til vest, ser innanfrå fjorden ut som ein spiss pyramide, frå Dale i sør som ein avrunda, steil bergvegg, for folk som kjem inn frå havet i vest, som eit langt rektangel, ei fjøl, av norrønt fjol, fleirtal fjalir (= fjøler).

 

Damstill fjord

Tilbake til kajakkane, nå i ferd med å krysse Flekkefjorden og passere Straumsnes, med den nedlagde skifabrikken Åsnes. Straumsnes ber namnet med rette. Med kolliderande retning på straum og vind kan bølgjene bli så intense og krappe at det krev sterk konsentrasjon for å halde seg på rett kajakk-kjøl. Det har eg sjølv opplevd. Denne gongen er sjøen damstill. Me set kursen mot neset på hi sida av fjorden, med ruinane av det gamle teglverket og haugar av vraka teglstein i strandkanten, som eit nes på neset. Her blir det matpause.

 

Dagens andre etappe, diagonalt over fjorden, forbi Kjøsnes, Fure, Fureneset på sørsida, til Einen, ved det nordlege innløpet til Korssund, 12 km  i lett til laber ”motbris”, blir litt strabasiøs. Til gjengjeld stig eit eventyrleg vakkert øyrike or havet i vest, med Den norske hesten (Alden), høgreist og dominerande, med Værlandet med sine karakteristiske puklar som nærmaste nabo, litt lenger ute og forsvinnande i horisonten, Bulandet. Lengst i sør Ospa og det flate Gåsvær så vidt synleg over vassyta.

 

 

Utsyn mot karakteristiske Alden.

 

Innspurten er ingen spurt, men roleg padling innanskjers, gjennom labyrintiske passasjar og smale sund sør til Korssund, for andre overnatting. Den siste timen har tunge skyer, svarte i botnen og kvite øvst, tårna seg opp over oss. Då kajakkane sig inn i den tronge vika med sandfjøre, like ved krambua i sundet, har det byrja å regne. I femtida på natta vaknar eg av tunge dropar som trommar mot teltduken og øyredøvande torebrak. Det lovar ikkje godt for den vidare turen.

 

Landligge

Dag 3 – ufrivillig landligge. Skyer jagar over himmelen frå nordvest. Gråver og regn, avløyst av korte glimt av sol og blå himmel, tiltakande vind. For eventyraren og milslukaren Otto er ei mils padling til Værlandet i frisk motbris for barnemat å rekne. Våren og forsommaren 2003 padla han, 64 år gammal, Svinesund-Lopphavet nonstop (bortsett frå  uversdagar), ein distanse på over 3.000 km . Resten av Finnmarkskysten til grense Jakobselv la han bak seg tre  følgjande somrar. Reportasje frå denne turen har ”PADLING” gledd sine lesarar med.

 

Etter timar med venting – og oppklarning –   bestemmer me oss i kveldinga for å prøve. Det er eit par kilometer ut til havet, mellom Lutelandet og Lammetu. Det blæs framleis – friskt etter min målestokk. Han vil dra; eg er skeptisk til i verste fall timars stamping beint mot vinden, til Aralden over ope hav, dei få kilometrane derifrå til Værlandet til dels i ly bak holmane og småøyane Kvitingane. Det blir til at me leitar og til slutt finn ein fin leirplass, rett nok på myrgrunn, like ved sjøen, sør på Lammetu. Utpå morgonkvisten viser det seg at me har konkurrentar om territoriet. Under eit nødvendig ærend ut høyrest eit gjennomtrengande skrik, om lag som frå eit menneske i ytste nød. Dagslyset avslører spor mellom kajakkane, etter alt å dømme av ein illsint oter som har freista jage frekke inntrengjarar i reviret på sjøen.

 

Ringen er slutta

Dag 4. Kl. 0600, høg, klar himmel, blankstill sjø, seinare svak vind, etter kvart laber bris frå søraust. Overfarten til Aralden og vidare til Kleivavågen aust på Værlandet er ikkje berre uproblematisk surfing; men og sterk glede over å vere i, vere omringa av, og meistre, denne vakre hav-og kystnaturen. Opplevingane held seg dei timane som er att av turen, nord gjennom sundet mellom Værlandet og Alden, så sørvestover, på nordsida mot Håsteinsosen, med Askrova, Reksta og Kinn i det fjerne, forbi Melværet til Nikøy i Bulandet, det vestlegaste aktive fiskeværet i Noreg, med sitt mylder av øyar, holmar og skjer, som me burde hatt nokre dagar ekstra til å utforske, retur langs ei litt anna rute til Kleivavågen, der me ventar nokre timar på ferja til Fure. Ringen er slutta.

 

Følg oss på sosiale medier

ABONNER PÅ NYHETSBREVET

For å se hvordan vi bruker din informasjon, ta en titt på vår Privacy policy