2183 Views

50 år i samme kajakk

-Kona mi bad meg slutte med padling. Det var jo ingen vettuge vaksne som heldt på med slikt på 70-talet. Møt Jon Vika, 92-åringen som fortsatt bruker kajakken han kjøpte for 50 år sidan. Ein kajakk og tre årer på 50 år. Vi i Padling kjenner ingen andre med denne statistikken!

August 06, 2022
Skrevet av:

Laila Johanne Reigstad

Å snakke med ein som har padla kajakk i over 50 år er stort. Å få del i korleis padlinga og utstyret var i den spede start set eige utstyrsjag i perspektiv. Å bli kjend med ein sprek 92-åring som inntil nyleg padla heile året, ja det er fantastisk! Bli med inn i den fem timar lange samtalen med sunnhordlendingen Jon Vika.

Eit maritimt liv
Jon Vika har hatt heile livet sitt knytt til sjøen, både i jobb og fritid. -Ein av mine store barndoms draumar var å dra til Antarktis, og det klarte eg, startar Vika. Sesongen 1948-49 mønstra eg på kvalkokeribåten FLK Suderøy i Haugesundsrederiet Knut Knutsen, som var ein del av ein 8-båts kvalfangst ekspedisjon til antarktiske farvatn. Vi jakta på blåkval, spermacettkval og finnkval, fortel den spreke 92-åringen. Deretter segla han i 20 år på englandsbåten TS Leda, såkalla Nordsjøens dronning, før han kom over i bukser- og bergingsbåtane i Bergen og jobba der i over 20 år.

Padla til jobb
-Medan eg jobba på slepe- og bergingsbåten Vulcanus, padla eg frå heimplassen min på Tertnes og inn til Bergen sentrum på jobb, fortel Vika. Drog kajakken opp på dekket. Der låg den heile tida mens vi farta langs Norskekysten. Eg har derfor padla veldig mange plasser langs kysten. Likte meg svært godt rundt holmar og skjær ved Florø, fortel VIka, som legg til at han i sommar drog med seglbåt frå Bergen til Lofoten. Då han var 73 år deltok han i Shetland Race. -Der fekk vi faktisk tre flasker whisky oppe på podiet i Lerwick, fordi vi var tre generasjonar som segla på same båt!

Padlestarten
Vika begynnte å padle mange ti-år før mannen i gata fatta interesse for kajakkpadling. -Faktisk starta padleinteressa mi ved at son min kjøpte ein kajakk for konfirmasjonspengane på 70-talet ein gong, deler Vika. Det var ein glassfiberkajakk, og den var så bra at eg etterkvart kjøpte den av han. Og det er nettopp denne kajakken Vika padlar den dag i dag.
-Alt som står på kajakken er «Singel Scout» på framdekket, fortel Jon, som legg til at kajakken ikkje er inndelt med skott. Den er rett og slett eit stort rom. Om vi vil ha betre oppdrift, så puttar vi inn ein slik, demonstrerer Vika, og legg eit stykke med tilskore isopor inn i akterenden av kajakken.
Kajakken har den flottaste blåfarge, og eg har den her i garasjen no i vinter slik at eg får gje den ein skikkeleg poleringsrunde. Det er viktig å få tilbake den opphavlege flotte og skarpe blåfargen, veit du, seier Vika med ei stemme som viser kor glad han er i kajakken og dei utallege padleeventyra gjennom meir enn 50 år.

Kajakken er merka «Single Scout», men produsent er ukjent.  Foto: Laila J Reigstad

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Åra trekte vatn!
-Da eg kjøpte kajakken fekk eg med ei veldig fin åre, som var god å padle med, men den trekte vatn under padleturen, forteller Vika. Vi visste ikkje betre den gang enn å tru at det var slik det skulle være. Var du på tur i ein time, ja så hadde åra trekt så mykje vatn at den var minst eit halv kilo tyngre på heimvegen enn då du padla ut. Etterkvart fekk eg tak i ei ny åre, ei Lahnakoski åre frå Finland, ei drømmeåre. Den var så lett. Men, for kort tid sidan fekk eg faktisk endå ei ny åre. Også den blei «den beste eg har hatt», ler Vika og viser fram si karbon Seabirdåre.
Ein kajakk og tre årer på 50 år. Vi i Padling kjenner ingen med denne statistikken!

-Skjemmer deg heilt ut!
Den næraste kajakklubben til Vika har vore Njørd Ro- og kajakkubb i Eidsvåg ved Bergen. Klubben vart stifta allereie i 1880. Heilt fram til 1970-talet var det mest færingar som vart rodd i klubben, men nettopp på den tida då Vika starta å padle gjekk også padlarane i Njørd over til scullerroing og kajakkpadling. -Det var veldig få som padla på 1970 og -80-talet her ved Bergen, fortel Vika, som aldri har følt at han måtte vere med i nokon klubb. Eg møtte ikkje andre padlarar på mine nesten daglege turar mellom heimen på Tertnes og til Tollboden i Bergen sentrum for arbeide på Vulcanus. Distansen er på nesten åtte kilometer kvar veg, og eg brukte rundt 45 minutt. Sjølv om eg ikkje møtte andre padlarar, så var eg på hels med alle båtane på Byfjorden. Kona mi var overgitt. -Du skjemmer deg heilt ut, sa ho. Det er ingen fornuftige vaksne som held på slik!

Jeans og presenning!
Heile sommaren padla vi i dongeribukse og t-skjorte, men på hausten og vinteren padla eg ofte i eit sett med tjukke regnklede. Over cockpit hadde eg ei presenning som var knytt fast rundt magen med eit tau. Då kona etterkvart aksepterte padlinga mi, sydde ho eit spruttrekk til meg av ei tynn orange presenning. Det passa perfekt til cocpiten på kajakken! Elles så hadde vi jo aldri redningsvest på oss. Og pumpe til å fjerne vatn i kajakken fans ikkje. Eg brukte ei halvlitersflaske som ausekar, og det fungerte fint.

Fekk padleforbud!
-Eit av minna er ein spesielt anstrengande padletur heim frå jobb i Bergen. Det var Pinseaftan og skikkeleg dårleg vær med sterk kuling. Vi var akkurat komme frå Stavanger til Bergen med slepebåten Vulcanus. Eg ringte kona mi og så at eg kom heimover snart. Ho såg ut glaset og sa at trea låg flate i vinden! Etter to timar utan at eg var kome heim, vart ho uroleg. Ho meinte at eg burde ha kome heim i bil for lenge sidan. Smart som ho var, gjekk ho ut i garasjen og sjekka, og joda, kajakken var borte. For eg hadde jo så klart tenkt å padle heimover dei åtte kilometrane til Tertnes, ler Vika. Turen heim tek rundt 45 minutt, men med kuling rett i mot, og ei padleåre i tre som trekte meir og meir vatn kvar gong den var nedi, så brukte eg over to timar. Eg fekk nokre kommentarar og padleforbud ei stund då eg kom heim, for å seie det sånn.

Av alt det materielle eg har hatt i livet, så er kajakk og trekkspel det eg har hatt aller mest glede av, deler Jon Vika. Foto: Privat.

Kajakk og trekkspel

Denne mannen har alltid likt seg ute. Han har omtrent ingen rynker etter sitt 92-årige friluftsliv. Han har drive jakt på blåkval i Antarktis og har redda ein spurveunge frå å drukne i Byfjorden. Han har segla frå Bergen til Lofoten ved fylte 86 år, og har gjennomført Shetland Race. Han har alltid eit smil på lur. Ikkje rart vår samtale tok fem fantastiske timar. Og han avsluttar så flott:

– Av alt det materielle eg har hatt i livet, så er kajakk og trekkspel det eg har hatt aller mest glede av!

Følg oss på sosiale medier

ABONNER PÅ NYHETSBREVET

For å se hvordan vi bruker din informasjon, ta en titt på vår Privacy policy