Abonner
Logg Inn
Meny

Om stilla i naturen

06.Oktober 2026
Om stilla i naturen
Skrevet av:

Torunn Todal Laberg  

Det finst ei eiga stille som berre kan opplevast frå kajakken. Dette skriver vår kåsør Torunn Todal Laberg. Til daglig drifter hun opplevelsesarrangøren Bulder og Brak, og tar nå også master i innovasjon og ledelse, med tema regenerativt reiseliv. Hun spør: Hvordan kan reiselivet få konkurransefortrinn nettopp ved å satse på denne typen produkt?

Kanskje er stillhet en slik knapp ressurs som  også, av reiselivsbransjen,  vil lokke nye turister? Som suset i skogen og sildringen fra en bekk? Magasinet Padling trykker denne høsten Labergs siste tekst om stillhetens verdi. Vi oppfordrer våre lesere til å nye ordene – nettopp i stillhet. Den siste delen av teksten spares til den trykte versjonen som i midten av oktober, eller som NRK kaller denne måneden – Boktober. God leseopplevelse! 

Kvinne med sekk på vandring i høstnatur
Stillheten er en knapp ressurs: Tekstforfatter Torunn Todal Laberg på jakt etter en stille stund. Foto: Privat

Dei fleste av oss har ein kvardag med mange gjeremål, hugselister og fristar som skal haldast, og innimellom kan det vera nødvendig å ha moglegheita til å oppsøka naturen for å nytta energien og tankane på noko heilt anna. For meg kan lite måla seg med kjensla av å gli utover fjorden, vekk frå land og alle menneskelydane. Det einaste som bryt stilla, er padleåra mot vassflata. Kanskje legg eg merke til ringane av ein fisk i vatnet? Kanskje ser eg ei linerle i vasskanten på leit etter mat?  Eg høyrer bjørkeblada brusa i eit lite vinddrag. I desse lydane ligg stilla, den stilla som får hjernen til å kvila og jubla på same tid.  

Eg er ikkje åleine om å søka til naturen for å få slike pausar. Ulike studiar syner faktisk at naturlydar som fuglesang, rennande vatn og vind i tretoppane reduserer stress, dempar smerte og senkar pulsen vår. Me søker ikkje berre friluftslivet. Me søker stilla.  

Den gode stilla. 

Stilla som får tankane til å ramla på plass, som opnar sansane. Stilla som minner oss om at verda er større enn hugselister, skjermar og fristar. Men noko er i endring. Eg har kjent det som ei merkeleg uro i kroppen. Det er akkurat som eg ikkje klarar å bli like glad i møte med naturen. Mange av oss som ferdast mykje ute, ber på ei kjensle som er vanskeleg å setja ord på. Naturen er framleis vakker. Fjella er like ruvande og imponerande. Skog og kratt veks. Elvene buldrar framleis om våren her eg bur. 

Likevel er noko annleis. 

kvinne i høstlandskap som åpner sekken
Sakte og ro: Stillheten kan være vanskelig. Noen ganger trykkende. Stillheten ute er som regel god. Foto: Privat

LES MED I NESTE UTGAVE AV MAGASINET PADLING I DIN POSTKASSE I MIDTEN AV OKTOBER (BOKTOBER)

PadleSiden
Personvernoversikt

Dette nettstedet bruker infokapsler slik at vi kan gi deg den best mulige brukeropplevelsen. Infokapsler lagres i nettlesren din og utfører funksjoner som å gjenkjenne deg når du returnerer til nettstedet vårt og hjelper oss forstå hvilke deler av nettstedet du finner interessant og nyttig.