Abonner
Logg Inn
Meny

I september skjer det på Sunnmøre

17.Juli 2026
I september skjer det på Sunnmøre
Skrevet av:

Sindre Slettestøl. Frivillig i DNT Sunnmøre og Vegleiar HAV frå NPF.

I 2024 var første gang det ble arrangert et sikkelig padletreff på Sunnmøre i regi av DNT. Tanken er at det skal verte eit årleg arrangement andre helga i september. I år er padletreffet 11 – 13 september. Bli med!

Vi veit at vi tidsmessig ligger nært det godt etablerte padletreffet «Rangøysamlinga», men pga. andre aktivitetar i vårt område, så er det denne helga det som passar best. Vi håpar å trur at det er plass til begge padletreffa.

For å kome seg til padletreffet og Sandsøya, må ein ta ferje ( eller padle ). Ein kan sjølvsagt kome med båt og bruke gjestebryggene til Rosenlund Hamn. Her er ei lite og nytt hotell som ligger midt i Sandshamn der padletreffet er arrangert, her er det mogleg og overnatte og kjøpe måltid. Ferja går i frå Åram og/eller Larsnes og har avgang ca. kvar 1,5 time. Ferja går til Voksa, frå der er det ca. 10 min. å køyre til Sandshamn.

ca
Klar ferdig gå: Alle mann er klare for aktivitet. Foto: DNT Sunnmøre

Sandsøya ligger på Sunnmøre i Sande kommune.

Programmet i 2025 var variert, vi arrangerte NPF grunnkurs og teknikkurs hav, kurs i brottpadling, padleturar og foredrag. Både fredag og laurdag hadde vi felles middag.

Padlekursa vart arrangert inne på Sandshamna, der er det godt beskytta for vêr og vind.

Sandsøya har mykje fint område for padling, men noko av område ligger ganske så eksponert.

Turleiarane og kurshaldarane er utdanna Aktivitetsleiarar, Turleiarar og Vegleiarar gjennom våttkort stigen til Norges Padleforbund.

øving på redning
Redningen er nær: En ting er fart og spenning, men redningsmetodene må også sitte. Foto: Gunnar Festøl

Våttkort er eit krav

For Padletreffet i år brukar vi malen frå i fjor med tanke på opphaldsplass og overnattingar.

Du kan overnatte i telt ( som er gratis ), rorbu, bubil/campingvogn, leilegheit og hotell.

Programmet vert litt utvida på aktivitets sida og litt redusert på foredrags sida.

For å kunne vere med på padleturane er det krav om våttkort. Vi legg opp til to forskjellige padleturar, der den enklaste har krav om introkurs/våttkort og den mest eksponerte har krav om grunnkurs samt at du beherskar litt vind og bølger.

Korleis turane vert på laurdag og søndag, vert bestemt på fredag alt etter vêrforhold. Påmelding til dei forskjellige turane vert også på fredag om kvelden.

stranda på Sandshamna
Camp: stranda på Sandshamna er perfekt for eit padletreff. Foto: DNT Sunnmøre

Kurs som du kan vere med på i forbindelse med årets padletreff er NPF grunnkurs og teknikkurs HAV.

Edd Bjørke og Øystein Pilskog har to dagars brottpadlingskurs, vil overraske meg litt om det ikkje vert mogleg å teste ein «Edge» kajakk på dette kurset.

Vi brukar fiskarheimen som base, her vert det servert frukost med moglegheit til å lage niste for dagen, kaffien er klar frå morgon til kveld.

to padlere midt i havkaoset
Tøff i kajakk: Nokon er litt tøffare enn andre, her i frå brottpadlingskurset som vart gjennomført på vestsida av Sandsøya. Foto Martin Hauge-Nilsen

Ein kort beskrivelse korleis vi ser føre oss årets padletreff:

  • Oppmøte på fredagskvelden med felles middag på Fiskarheimen, etter middagen vert det info, påmelding til turar og eit foredrag.
  • Etter frukost på laurdag startar padleaktivtetane, på kvelden vert felles middag på Rosenlund Hamn ( ikkje inkludert i pris for padletreffet ) for den som ønskjer det. Etter middagen vert det foredrag på Rosenlund Hamn sine lokal.
  • Søndagen vert morgonen som laurdagen. Folk reiser heim alt etter kva aktivitet dei er med på.
  • Vi vil prøve å arranger det slik at vi avslutte aktivitetane litt i takt med ferjerutene.
  • Vi har satt eit tak må maksimum 40 deltakarar på padletreffet, vi håpar at mange finner turen til Sandsøy helga 11 – 13 september.

Tanken med eit slikt padletreffe er å kunne skape padleglede og auke padlekompetanse til padleinteresserte i vårt område.

Velkomen til padletreff på Sandsøy 11 – 13 september 2025.

tre kajakker på vei til Sandsøya
Tre på rad: Ein av padleturane gjekk rundt Sandsøya på laurdag. Foto: DNT Sunnmøre
PadleSiden
Personvernoversikt

Dette nettstedet bruker infokapsler slik at vi kan gi deg den best mulige brukeropplevelsen. Infokapsler lagres i nettlesren din og utfører funksjoner som å gjenkjenne deg når du returnerer til nettstedet vårt og hjelper oss forstå hvilke deler av nettstedet du finner interessant og nyttig.