Abonner
Logg Inn
Meny

Fri barneoppdraging

18.Desember 2024
Fri barneoppdraging
Skrevet av:

Torunn Todal Laberg

Lat oss slå eit slag for den frie barneoppdraginga! Den som går føre seg i naturen. Får borna lov, så vil dei syna vegen til dei mest fantastiske kvardagseventyra. Og det er eit sant privilegium å få vera den vaksne som opnar døra til eventyret.

– Mammaaaa! Mamma? Kvifor kjem det bobler opp av fjorden?

Eg står på land og riggar kajakken min klar for tur då eg høyrer dottera mi ropa på meg. Ho og veslesystera er komne på fjorden for lengst, og plutseleg ser ho bobler som kjem opp rett framfor kajakken hennar.

Eg ser ikkje over bryggekanten, så eg tek nokre steg fram. Plutseleg høyrer eg jentene hyler i kor, og eg rekk akkurat få med meg nisa som bryt vassoverflata rett framfor kajakken til eldstejenta, før ho forsvinn i djupet med eit plask.

– Såg du det, mamma? ropar eldstejenta og ler.

– Kval midt i fleisen! hyler veslesystera entusiastisk.

– Ja, no veit du kvifor det kom bobler opp frå fjorden! ler eg. Og med eitt kjennest alt så lett: Alt styret som høyrer til det å koma seg på padletur med borna ein heilt vanleg ettermiddag, med pakking, overtaling og alle dei tusen spørsmåla om padlesko og badedrakter og solbriller som plutseleg er søkk vekke. Eg sender ein takknemleg tanke til den vesle kvalen som valde å syna seg fram. Det er jo slike ting eg så gjerne vil at borna mine skal få oppleva. Kvardagseventyr med den mystiske og fantastiske Sognefjorden som kulisse. Og kajakken er den perfekte inngangen.

Neseklype
Neseklype: Fjorden som arena for luftige svev og store plask. To 8-åringar tør endeleg å sleppa taket og hoppa frå sjøbua. Foto: Torunn Todal Laberg

Kajakk + born = sant

Det er mange år sidan mine eigne born gjennomførte sine første turar i kajakk. Som lita hadde yngstejenta sjeldan ro i kroppen til å ta seg ein føremiddagskvil i vogna eller i senga, men med jervenduk rundt kroppen og smokk i munnen kunne ho sova i timesvis i tandemkajakken. Det var vinn-vinn for både mor og barn, og fine minne å tenkja tilbake på.

– Kva er kajakkpadling for deg?» spør eg yngstejenta som no er blitt heile 12 år.

Ho tenkjer seg om ei stund før ho svarar.

– Eg kjenner meg fri i kajakken. Eg berre flyt av garde, og eg likar at det går fortare enn å gå», forklarar ho.

Og det er som om eg skulle sagt det sjølv.  Og det er nok dette som ligg bak min eigen motivasjon for å ta med borna mine på padleturar året rundt. Og ikkje minst er det årsaka til at me på sjuande året har drive ein lokal kajakkskule for born mellom 8-15 år. For kajakk og born passar nemleg heilt perfekt saman, og fjorden gir borna tilgang på ein unik læringsarena, så sant me som er vaksne klarar å ikkje stilla oss i vegen.

vann
Vann: Padleaktivitet for born tyder bading, masse bading. Foto:Torunn Todal Laberg

Legg frå deg ambisjonane

Ein padletur med born er som oftast litt annleis enn ein padletur med vaksne. Kan barn padla langt? Absolutt! Vil barn padla langt? Det kan henda, men på tur med barn er vegen til suksess mykje kortare om ein klarar å ta inn over seg at vegen er målet. Og det er slik me organiserer all vår på padleaktivitet for barn. I vaksenhjernen er målsetjinga ofte heilt klar: turen går frå a til b, gjerne på kortast mogleg tid og helst logga og dokumentert på ulike teknologiske duppedittar, men går ein inn i friluftslivet med born på denne måten så risikerer ein å gå glipp av sjølve magien ved å vera på tur med born. For magi på tur handlar ikkje om tal kilometer og målet i seg sjølv, men om alt som er i mellom, i pausane, observasjonane, spørsmåla og heilomvendingane. Som vaksen på tur med born gjer eg mitt beste for å berre vera der. Eg flyt med, er til stades med heile meg, men prøver å ikkje legga for mange føringar. For dei aller fleste vaksne kan dette vera ei krevjande øving, men ein blir god på det ein trenar på. Og nokre gonger vil resultatet vera at leirplassen ein såg føre seg på andre sida av fjorden blir bytta ut med parkeringsplassen der ein sette frå seg bilen. Men i kajakken kjem ein seg uansett – for ein tur på 5 kilometer eller 200 meter.

fri
Fri: Astrid, 12 år, har padla kajakk nesten heile livet. Eg kjenner meg fri når eg padlar, seier ho. Foto: Torunn Todal Laberg

Den undervurderte leiken

Dei siste 15 åra har eg vore minst like mykje på tur med born som med vaksne. Og sidan 2017 har me arrangert kajakkskule for born med tilsvarande «læringsmål» som for grunnkurs hav. Det eg har lært er at det er ei svært takksam oppgåve å læra born å padla. Dei er som oftast opne, spørjande, leikne og motiverte, og filosofien vår om at det enkle ofte er det beste har blitt testa og stadfesta i fleire samanhengar. Me finn fram utstyret, klargjer dei få, men viktige, reglane for aktiviteten og slepp så borna laus på fjorden. Dei få reglane handlar i hovudsak om tryggleik og vaksenansvar. Og til dags dato har me ikkje opplevd at dei ikkje finn ut av det. Og læring mellom borna er mykje meir effektiv enn all instruksjon i verda. Og på kajakkskulen er det alltid born som har vore med fleire gonger før, som dreg med seg dei andre i aktiviteten.

Når me introduserer nye element – som til dømes kameratredning – så er hermegåsa ein fin metode. Og eg kjenner no mange 9-åringar som er i stand til å hjelpa ein vaksen dersom uhellet skulle vera ute. Det er nemleg ikkje storleiken det kjem an på! Å handtera kajakken og padleåra finn dei aller fleste ut av heilt på eiga hand. Dei må berre få moglegheita til å padla litt. Og på kajakkskulen er borna like mykje ute i vatnet som oppi kajakken, så å hevda at dei blir drilla i sjølvberging er ei underdriving, men drillinga er ikkje noko me legg opp til. Det skjer gjennom uorganisert leik. Og den uorganiserte leiken er nøkkelen til god læring, god teknikk og meistring.

kompis
Kompis: Gode kameratar hjelper kvarandre alltid. Klart borna kan! Foto: Torunn Todal Laberg

 

tøm
Tøm: Sigrid på 14 år syner gjerne andre barn korleis ho tømmer kajakken for vatn. Foto: Torunn Todal Laberg

I rykk og napp

Alle som har hatt litt med born å gjera, har nok observert at utviklinga i periodar går i rykk og napp. Slik er det også med utviklinga av ulike ferdigheiter. Born på same alder kan vera svært ulike – og for dei vaksne gjeld det å ha is i magen. Det vil vera store individuelle skilnader i forhold til når eit barn er klar for å padla sin eigen kajakk. Ikkje stress, og lat barnet få styra det sjølv. Har du tilgang på tandemkajakk treng du ikkje tenkja på det i det heile før barnet sjølv lanserer eit ønskje om å padla sin eigen kajakk. Og hugs: ein kan ha like mykje moro med eit SUP-brett, ein elvekajakk eller ein packraft, så lenge det er kvardagseventyret som får vera i fokus.

sprett
Sprett: Å læra seg å stå i kajakken gir gode moglegheiter for hopp og sprett – og sjølvberging. Foto: Torunn Todal Laberg

 

to på rad
To på rad: Tandemkajakken opnar mange moglegheiter for fine turopplevingar. Foto: Torunn Todal Laberg

5 tips for gode padleopplevingar med born:

  • Meld barnet ditt inn i ein padleklubb – mange padleklubbar tilbyr kurs og organiserte padleaktivitetar for born
  • Ta padlekurs. Drøymer du om padleturar med familien din er det ei god investering å gjennomføra eit padlekurs sjølv
  • Hugs at vegen er målet for turar med born
  • Tilpassa utstyr gjer det lettare for barnet – det finst padleutstyr til barn. Sjekk gjerne om det er mogleg å kjøpa brukt, då sjansen er stor for at fint brukt utstyr er å få tak i
  • Ingen barn likar å frysa, å bli slitne eller å bli masa på. Senk ambisjonane og legg ein plan a, ein plan b og ein plan c som alle er like gjennomførbare
PadleSiden
Personvernoversikt

Dette nettstedet bruker infokapsler slik at vi kan gi deg den best mulige brukeropplevelsen. Infokapsler lagres i nettlesren din og utfører funksjoner som å gjenkjenne deg når du returnerer til nettstedet vårt og hjelper oss forstå hvilke deler av nettstedet du finner interessant og nyttig.