2451 Views

Oppussing med padling i tankene

Har du hørt historia om padlemiljøet på Osterøy? På denne øya øst for Bergen er alle gode ting tre: Ei Facebook-gruppe som samlar padlarane. Eit Turlag som ønsker å legge tilrette for padling. Og ein friluftsinteressert rådmann som kom med ein ide!

Mai 20, 2018
Skrevet av:

Laila Johanne Reigstad

Bli med til det før så falleferdige 160 år gamle Tirevollnaustet, som no er restaurert til ei perle av eit kajakknaust! Saman med det nye oversiktskartet, er det berre å starte planlegginga av din 3-dagers padletur rundt Europas største innlandsøy, ein tur på 85 kilometer!

Minst 1200!

Då rådmann Jostein Førre i Osterøy kommune kom med spørsmål til Osterøy Turlag om dei var interessert i å pusse opp og ta vare på det rundt 160 år gamle naustet tilhøyrande garden Tirevoll i Raknesvågen, tok ikkje avgjerda lang tid. Ved oppstart i september 2016 var naustet i dårleg forfatning.

-Vi kunne ikkje gå på taket, og i bakveggen av naustet var det mykje rot, fortel Jostein Hagebø, dagens talsmann for dei rundt 15 personane som til saman har brukt minst 1200 dugnadstimar på restaureringa.

-Aldri ut i kajakk

Med innsats nokre dagar kvar veke så tok det omlag eit år før den offisielle opninga kunne skje i september i fjor. Og no står Tirevollnaustet der i all si prakt.

-Det er berre pensjonistar som har arbeidd på naustet, opplyser Jørgen Varden, leiar av Osterøy Turlag.

Dei hadde eit fantastisk fellesskap rundt restaureringa av naustet, og det var særdeles triveleg å stikke innom under arbeidet. Dessutan sit dei på all kompetansen. Då Padling var på besøk i naustet låg det både kajakkar og kanoar på dei nybygde stativa.

-Men du får aldri meg ut i ein kajakk, ler Hagebø, og truleg ikkje resten av byggegjengen heller!

Aktivitet i det blå

-Det er eit prioritert mål i Turistforeningen nasjonalt om meir turlagsaktivitet i det blå element, altså sjø og vatn, opplyser Varden. Padling fengar i alle aldersgrupper, og vi byrjar nok med Barnas Turlag her på Osterøy, samt at vi prøver å få i gang ei DNT Ung-gruppe der padling skal vere hovudaktiviteten.

Det er ingen padleklubb på Osterøy per i dag, men Facebook-gruppa «Padlere på Osterøy» fungerar både som møtepunkt og informasjonskanal for padlarane. Den som starta gruppa var heilårspadlar og aktivitetsleiar innan Norges Padleforbund (NPF), Svein Idar Dale.

-Vi er no 74 personar i Facebook-gruppa, men ikkje alle padlar, endå, ler Dale, som seier at de har tenkt å rette på det. Det vil vere mogeleg å ta både introduksjonskurset og grunnkurset til NPF her ved Tirevollnaustet utover våren og sommaren!

Første kajakknaust

Medan DNT Oslo og Omegn har hatt sitt flotte Friluftshus med kajakkutleige og kursing på Sørenga i Oslofjorden, har Bergen og Hordaland Turlag gjennom Tirevollnaustet fått sitt første kajakknaust.

-I første omgang er kajakknaustet og kajakkane for medlemmar i turlaget. Men vi ønsker allmenn tilgang etterkvart. Det finst eit nauststyre på fire personar som no skal sitte saman og finne ut av kva rutiner som må innarbeidast med tanke på både naust og kajakkar. Med eit aukande antal padlarar og kursdeltakarar så trur vi på oppbygging av eit inkluderande padlemiljø allereie til sommaren, smiler Dale.

Brygge

Sjølv om naustet er klart så er ikkje gjengen ferdig. I starten av 2018 skal heradstyret vedta ein Sjø- og strandsoneplan, og innanfor rammene av denne ligg ei bryggeløysing spesielt tilpassa kajakk-padlarar.

-Med planen godkjend kan vi bygge ein gangveg i tre langsmed naustet, fortel Varden. Gangvegen fører ut til ei flytebrygge, og det vert mogeleg for rullestolbrukarar å trille heilt ut på brygga, for så å sette seg i kajakken.

Oversiktskart for padlarar

Og Osterøy Turlag gir seg ikkje med dette. På tampen av 2017 laga dei eit oversiktleg kart kalla «Landingsplassar ved padletur rundt Osterøy», der femten lokalitetar er markert inn rundt heile øya. Dette er anbefalte plassar å gå i land, både for teltovernatting, padlepausar eller fylling av drikkevatn. Kartplata er hengt opp ved Tirevollnaustet og ved Kvisti Bru, den fergefrie ankomstveg til Osterøy.

-Folk må bruke så lang tid dei vil rundt øya i kajakk, men eg foreslår to overnattingar, fortel Dale. Då får du med deg den varierande naturen rundt øya. Osterøy går ofte under namnet «Europas største innlandsøy», så på rundturen har du 85 kilometer å boltre deg på!

Følg oss på sosiale medier

ABONNER PÅ NYHETSBREVET

For å se hvordan vi bruker din informasjon, ta en titt på vår Privacy policy