Langtur i neverkano

Han skremmer bjørn vekk i underbuksa. Han lapper neverkanoen med kvae og bjørnefeitt. Han veit kor lenge to menn kan leve av ein caribou. Etter ti somrar i villmarka i Canada og Alaska, mesteparten åleine, er det berre å slå fast at vossingen Kjartan Bergsvåg både vil og kan villmark!

 

Åtte månader!

Om du går inn på Google Maps og måler distansen frå Hudson Bay i Canada til området der Yukon-elva i Alaska møter det salte Beringshavet, får du opp at det er 3500 km i luftlinje. Om du heller hadde padla og traska etter vossingen Kjartan Bergsvåg og numedølen Rune Bergstøl, ville du funne ut at distansen i realiteten er 6000 km. Og ekspedisjonen ville tatt deg rundt åtte månader! -Du har det travelt og må tenke framdrift heile tida, men det er ikkje stress, fortel den blide Bergsvåg overtydande.

 

Jomfrutur på 1130 kilometer

Canada og Alaska omtalast ofte som dei siste villmarkene vi har på kloden vår. Ein legg derfor ikkje ut på turar der utan å ha forebudd seg godt, veldig godt. Det krev erfaring på svært mange plan, då ein er så absolutt overlate til seg sjølv. Erfaringa innehar Bergsvåg. -Som 21-åring fekk eg høve til å bli med to karar ned den 1130 kilometer lange Kuskokwim River i Alaska. Eg padla ein Ally kajakk medan dei delte ein Ally kano. Dette var mitt første møte med den ekte villmarka, og gav enorm meirsmak. I ettertid har eg hatt ni fantastiske somrar i villmarka, både i Alaska og Canada. Dei fleste av turane har eg vore åleine, men det hender jo at ein møter ein og annan likesinna på ei øde elv. fortel vossingen som sidan barneåra har lese alt om våre norske oppdagarar, eventyrarar og villmenn.

 

Motstraums til favoritten

Det er freistande å gi namn til dei 6000 kilometrane Bergsvåg og Bergstøl tilbakela. Det starta ved Chesterfield Inlet, ein liten turistfri by ved den berykta Hudson Bay. Her starta ekspedisjonen med å padle innover den stadig smalande «fjordarmen» av Hudson Bay. Herfrå må ein ta seg over ei rekke små innsjøar der den siste i rekkja er Baker Lake. Deretter er det berre å bite tenna saman når ein sakte men sikkert bevegar seg motsraums opp Thelon River og Dubawnt River, to elver Bergsvåg har soloert tidlegare. Deretter Snowdrift River, hans klare favoritt område. -I Snowdrift-området går tundraen over i den skogkledde taigaen, samtidig som ein går frå områder med inuittar til områder med indianarar. Og dessutan padla vi endeleg nedover ei elv, ikkje motstraums, smiler Bergsvåg.

 

Moskusjakt

Det er også ein annan grunn til at Bergsvåg hugsar mykje frå Snowdrift-området. -På veg nedover elva møtte vi nokre moskusjegarar, som var blitt flydd inn i området. Det er veldig kjekt å møte på andre i villmarka, så vi stoppa og slo av ein prat. Då vi la ut i kanoen etterpå, oppdaga vi ein liten flokk moskusar lengre opp i lia. Heilt uventa fekk vi høve til å vere med på moskusjakt! Vi sneik oss inn på flokken. Ein okse vart felt. Trass lyden av rifleskotet vart resten av flokken ståande ved sin døde kamerat. Dermed måtte vi vente i lang tid på at flokken skulle trekke seg unna. Då dei endeleg trakk seg vekk, stod dei berre nokre titals meter vekk. Dermed måtte vi partere det enorme dyret like framfor flokken, og heile tida med ladde rifler i tilfelle dei skulle gå til angrep!

 

Eit enormt stykke bjørkenever!

Bergsvåg: -Det beste var å fråtse i natur, og å leve av den!

Indianarane brukte neverkanoar på elvene i Canada, men kunnskapen om bygginga heldt på å forsvinne.

– På ein av mine første turar i Canada vart eg kjend med Tom Byers frå Sudbury i Ontario. Han kjenner indianarar i Canada og har spesialisert seg på å lage neverkanoar. Då eg såg det flotte og solide arbeidet bestemte eg meg for å skaffe meg ein slik, fortel Bergsvåg. Og det gjorde han, ein kano som faktisk er laga av eit einaste gigantisk stykke bjørkenever. Ein kano det tok to månader å bygge. Ein kano med prislapp opp mot 50.000 kroner.

– Vel verd pengane å kunne bruke den originale farkosten på elvene, vedgår ein oppglødd vossing, som har brukt den nesten 30 kilo tunge kanoen på alle sine ekspedisjonar i ettertid. På turar i villmarka handlar det om å sitje midt i naturen, vere ein del av den, dag etter dag, og då vil ein omgi seg med naturlege materialar også. Neverkanoen har lagt i Canada om vintrane mellom dei ulike ekspedisjonane til Bergsvåg. Men, etter den åtte månader lange kryssinga av Canada og Alaska tok han den med meg heim, og fekk den flydd ut for nesten ingen pengar.

 

Innhenta av vinteren

Dei to kameratane starta ved Hudson Bay i starten av juni. Framdrifta har vore flott, og dei har omlag lagt bak seg halve turen. Etter Snowdrift River kom dei ut i Store Slavesjø, ei av dei få store sjøane du får auge på om du kastar eit blikk på eit kart over nordre Canada.

– Sjølv om vi padla nær land, virka Store Slavesjø heilt enorm, som ein hav, deler Bergsvåg. Og med Slavesjøen bak seg, er kameratane no klar for den sagnomsuste, 2000 kilometer lange Mackenzie River! Det er ein merkedag då dei padlar ut frå byen Fort Providence, ofte omtalt som startpunktet for Mackenzie River.

– Elva er enormt brei allereie i starten og vatnet er heilt brunt, fortel Bergsvåg. Stemninga er framleis god, men sommaren er kort i kanadisk villmark. Det er starten av oktober, med kortare dagar og kaldare netter. Dei bestemmer seg likevel for å kjøre på og padlar nedover elva med høg hastighet. Men, etterkvart vart det is langs elvebredda. ‘

– Ein begynner å irritere seg over detaljar når ein baskar seg gjennom vierkratt i issørpe. Då vi nerma oss byen Wrigley, 495 kilometer nedover Mackenzie målte vi 15 minusgrader om natta. Vinteren hadde innhenta oss. Fortel Bergsvåg. Dermed vann villmarka over dei to eventyrarane, som måtte legge årene inn for sesongen og dreg heim til Norge.

 

Rutiner

Etter ein vinter og vår heime, er Bergsvåg og Bergstøl tilbake i Canada. Dei hentar neverkanoen frå oppbevaringa hos ein indianarfamilie og legg igjen ut på Mackenzie River. Det er tidleg i juni og elva er heilt annleis no. Sist dei var her låg det is langs breidda. No er det full vårløysing og høg vassføring. Allereie frå starten er rutinene frå fjoråret ubevisst i gang. Østlendingen sit alltid bak i kanoen, og han padlar alltid på høgre side. Vossingen sit alltid framme og padlar alltid på venstre side.

– Vi padla ut tidleg kvar dag, og etter rundt fem timar på elva tok vi lunsjpause på nokre timar. Deretter nye fem timar i kanoen. Kvar time tok vi fem minuttars pause. Og rutinene fortset når vi går i land for kvelden. Østlendingen sette alltid opp teltet, vestlendingen samla alltid ved og laga bål. Dagleg rutine er nødvendig, men det er alltid ein ting som øydelegg rutinene, alltid den same tingen.

Det vart mange kilometer til fots med den nesten 30 kilo tunge neverkanoen på ryggen!

 

Med segl på neverkanoen kom dei opp i 20 kilometer i timen!

 

Nydelege sandsteinar langs The Ramparts i Porcupine River, som tar deg over grensa mellom Canada og Alaska.

 

To eventyrarar, åtte månader og 6000 kilometer!

Vinden

Det er ikkje kameraten Berstøl han snakkar om nå han nemner at det alltid er ein som øydelegg rutinene. Det er heller ikkje grizzlybjørnen eller svartbjørnen langs elvebredda, alle dei millionane av mygg i leiren, eller den kvite ulven som stirrar på deg når du er på toalettet, han tenker på. Det er vinden. Vinden som alltid synes å blåsa oppover elvene. Vinden som kjem rundt klokka elleve på formiddagen og vert med på turen fram til klokka 18, og det er alltid motvind. Elva renn nedover, vinden bles oppover.

Ein ting er at vinden i dei smale canyonane, der elva renn forbi desse, er relativt fort overstått. Noko anna er vind på dei breie delane av elva og på innsjøar. Her bygger vinden bølger, ofte store bølger. Neverkanoen er ikkje bygd for store bølger midt imot, så ofte må dei to opp på land og føre kanoen langs elvebreidda. Enkelte dagar ligg dei også vindfast i teltet. Desse dagane går med til soving og lesing.

 

«Bever fever»

Utanfrå kan livet på elva virke monotont. Men Bergsvåg poengterer at villmarka byr opp til dans kvar dag. Narutypen endrar seg, og padlaren legg merke til små deltaljar. Dermed vert ikkje dagane like.

– Eg har aldri vakna opp i teltet og tenkt at eg ikkje gidd meir, fortel Bergsvåg bestemt. Eller kanskje ein gong. Eg var sjuk. Hadde tabba meg ut med å drikke vatn rett i frå elva. Veit jo godt at det er idiotisk, og vi kokar alltid vatnet. Men, akku-rat i denne perioden var vi litt slitne etter at matlageret vårt brann opp ved eit uhell.

I tillegg til at vatnet er brunt av partiklar i fleirtalet av elvene dei to har lagt bak seg, så vert padlarar åtvara mot «bever fever». Altså tarmparasitten Giardia. Bergsvåg veit ikkje om det var dette som var tilfelle hos han, eller om det var fordi dei hadde ete halvbrent mat innpakka i smelta plast. Resultatet var uansett at han for ein gongs skuld ikkje orka anna enn å liggja i teltet på elvebreidda. Heldigvis gav både diareen og oppkastet seg, og kameratane kunne atter gli nedover elva.

 

Tjue kilometer i timen!

Og dei glir veldig fort nedover Mackenzie River. Vatnet renn med 9-10 kilometer i timen, og når dei to padla i tillegg kunne dei nå opp mot 20 kilometer i timen.

– Ja, om ikkje vinden jobba mot oss då, repeterer Bergsvåg med eit smil. Enkelte gongar hadde vi heldigvis vinden i ryggen. Undervegs laga dei to eventyrarane eit segl av canvas. Dette vart montert heilt framme i kanoen.

– Det var lett å styre og eg trur vi segla rundt 20 mil av turen, smiler vossingen. Dei to padlarane hadde med seg litt tørrmat, og kvar morgon var det fast havregrynsgraut, enten med syltatøy eller kakao. Men, som fine gamle heltar, blant anna Helge Ingstad, ville dei hausta frå naturen mest mogeleg. Dei fiska mykje, både laks, «arctic char» og gjedde. Dei hadde med ei kombinert hagle og rifle, og med denne fekk dei delikatesser som hare, gås og ryper. Til og med ein caribo eller to vart felt.

– Det tar to svoltne menn 7-8 dagar å ete ein heil caribou når ein berre et kjøt, opplyser Bergsvåg. Ein kan merke at denne mannen innehar mykje spesialkunnskap om korleis ein skal overleve i villmarka.

Med motvind, bølger og motstraums opp Dubawnt River.

 

Turen gjekk frå Chesterfield Inlet ved Hudson Bay i Canada og vestover til Emmonak i Alaska.

Mister maten

Etter å ha padla gjenom fleire krevande parti av Mackenzie River, kjem dei til den vesle byen Fort McPherson med 150 innbyggarar. Etter dette går elva over til å bli eit delta der vatnet til slutt renn ut i Beauforthavet ved 69 grader nord.

– Frå McPherson padla vi oppover Rat River, fortel Bergsvåg. Ei natt vi låg ved elvebreidda auka vassføringa i elva enormt, så mykje at vi i løpet av natta mista stort sett all maten vi hadde med oss. Då snudde vi og møtte nokre indianarar, blant anna 90 år gamle Elisabeth og mannen. Ho var sjefen i familien, og av den siste generasjon av indianarar som har levd sitt vaksne liv som nomade. Dei to eventyrarane budde hjå indianarane ei veke, men vasstanden i elva gjekk ikkje ned.

– Til slutt fekk vi ein indianar til å køyra oss over vasskillet på Dempster Highway til Eagle River, som seinare går over i Porcupine River. Så starta den 55 mil lange turen nedover Porcupine River, ei sakteflytande og vindutsett elv som i si fulle lengde renn nord for Polarsirkelen. Og det er her det skjer!

 

Bjørnejaging i undikken!

Bergsvåg vrir seg i soveposen. Det er natt og han vaknar av at kompisen ligg og snorkar kraftig ved sida av han.

– Eg trudde at han snorka og skulle til å dunke bort i han, og mobbe han for den høge lyden, gliser Bergsvåg, men så hørte eg at det var meir snøfting enn snorking. Eg treiv børsa, vekka kameraten og stakk hovudet ut av teltet. Der gjekk det to bjørnar! Dei vart redde då eg hoppa ut av teltet i undikken og fyrte av eit skot.

 

Yukon River

Porcupine River er kjent for særdeles mykje motvind. Når vinden stillnar er det natt. Derfor tilrådast det å padle i dei lyse sommarnettene, og sove på dagtid.

– Det var vanskeleg å sove på dagen. Inni teltet var det for varmt og for lyst. Det enda med for lite søvn og ein uggen kropp, fortel Bergsvåg. Etter å ha passert den einaste byen langs elva, Old Crow, kjem dei til The Ramparts. Her renn elva igjennom eit område med flotte og høge sandsteinformasjonar. Og den same elva tar deg over grensa frå Canada til Alaska. Nok ein milepæl! Porcupine River ender i byen Fort Yukon, og dermed er ein på Yukon River, Alaskas mest kjende og lengste elv! Siste etappe er dei 1600 kilometrane ned Yukon til fiskarbyen Emmonak, like ved Beringshavet.

 

Framme!

Så er dei framme. Etter til saman åtte månader på tur, over to somrar, ligg fiskarbyen Emmonak framfor dei. Emmonak er endestoppet for dei aller fleste som padlar Yukon River. Etter dette påverkast elvedeltaet svært mykje av havet utanfor, blant anna på grunn av stor skilnad på flo og fjøre. Kva føler så ein eventyrar når eventyret er kome til slutten?

– Tomhet og vakum. Bergsvåg innrømmer gjerne at sjølve turen er målet. Og målet er edelt. -Det blir derfor aldri nokon lykkerus å kome fram. Likevel, sjølvkjensla er bra fordi eg har klart å gjennomføre! Eg er nok umedviten stolt, på ein måte. Dette livet er ikkje for alle, konkluderer Bergsvåg.

– Du må tåle rutine, som takka vere vinden ikkje alltid vert rutine. Nettopp det må du også takle. Og når den eurofiske startsfølelsen over å vere på langtur i øde villmark går over etter nokre veker, må ein ikkje gå i svart. For meg går denne euforiske fasen over til ein fasinasjon av å vere midt i naturen, følge naturens gang. Det å sjølv vere ein del av naturens gang. Sauebonden frå Voss er overtydande. Det er lett å sjå for seg at dei to går i eitt med naturen der dei glir nedover elva i ein indianarkano, iført klede av naturfiber. Dei fancy multi-farga outdoor- goretex-kleda er nemleg skifta ut med langfibra bomull i naturens eigne fargar, vevd så tett at det fungerer som goretex.

– Mange somrar i pakt med villmarka gjer noko med deg, avsluttar Bergsvåg, i det han småspring ut i fjøset for å ta imot to nye lam! ●●

 

Topp 5 highlights

Kjartan Bergsvåg sine Topp 5 highlights når han ser tilbake:

1) At eg har kryssa eit heilt kontinent berre ved bruk av muskelkraft, ein kano og vassdrag!

2) At eg faktisk tok meg tid til dette. Det var tusen grunnar til ikkje å dra!

3) At ein kan fråtse i så masse urørt natur og leve av det ein fiskar og fangar.

4) At det har vore oppbyggande for meg sjølv.

5) Turar i villmarka er rett og slett karakterbygging på sitt beste!

 

Tips

Vil du på liknande villmarkstur?

Kjartan Bergsvåg meiner det viktigaste sit i hovudet!

1) Vær tålmodig, målbevisst og fandenivoldsk.

2) Vær forberedt på at planane endrar seg.

3) Ta ein dag om gongen.

4) Framdrift er forferdeleg viktig. Du har det travelt, men ikkje stress!

5) Stå for valet ditt, ikkje angre undervegs